| 1. |
Skål,
de gamle sviresellar,
for ein vin av gammal kjellar,
skål for dei som sit i fengsel,
dei som livet set i trengsel,
dei som sælt har enda ferda,
skål for heile kristenverda,
skål for bror i skogar kalde,
skål for syster, fal for alle!
|
| 2. |
Skål
for alle dugdesure,
dei som strauk or klosterburet,
dei som surt på sjøen baskar,
dei som fantestigen traskar,
dei som svid i syndetregen,
dei som slåst på landevegen,
og for paven og dei store
til vi skålar under bordet!
|
| |
|
|
3.
|
Fanten fyller
seg med fenta,
drengen drikk med tenestjenta,
kall og kjerring klunkar verre
og soldat og kyrkjeherre,
og den kjappe og den seine
og den svarte og den reine
og den snille og den ville,
lærd og ulærd like ille,
arme krok og kranke stakkar,
tiggarfant og jaga rakkar,
veslegut og gamle kallen,
bisp og klerk kjem reint på rallen,
bror og syster sullar saman,
gamle skrukkeskinn held gaman.
Ein og alle med i rusen!
Skråle hundre! Skråle tusen! |
| |
| |
| |
| |
| |
| |
|